Du treng:
- Papp
- Passar eller to runde former
- Tråd
- Saks
Slik gjer du:
Teikna ein sirkel på papp og ein mindre sirkel inni.

Klipp fyrst rundt den ytste sirkelen. Lag eit hol i midten på den inste sirkelen og klipp ut.
Lag ein sirkel til som er like stor.

Legg sirklane oppå kvarandre.

Tre tråd gjennom pappen til det er eit lite hol att.

Det kan vere lurt å bruka ei nål på slutten om holet er for trongt å tre gjennom.

Klipp rundt sirklane på den ytste kanten.

Når du har klypt opp tråden ser du pappsirklane dine mellom tråden.
Knyt ein tråd mellom begge pappsirklane.
Klypp eller dra vekk pappsirklane.
Du har no ein rundt ball. Om den har litt merkeleg form, kan du «stussa» den litt for å få den rund.
Klipp ut eit nebb i papp eller stoff og lim det på.

Om du har plastauge kan du lime dei på. Du kan også lage auge av papp eller noko anna du har liggjande.