PÅSKEPYNT: Slik målar du egg til å henge på ei fin grein

Elevane ved 7. trinn på Bringedalsbygda skule har laga fine tips til påskepynt du kan lage heime. Dei har tenkt at det skal vera mest mogleg gjenbruk og det meste er ingrediensar du har heime frå før. I dag får du vite korleis du kan lage fine egg med måling!

Du treng: 

  • Egg  
  • Måling 
  • Nål 
  • Pensel
  • Sytråd

Slik gjer du:

Stikk eit hol på toppen av egget og eit hol i botnen. Holet i boten kan vera lurt å gjere litt større. Då det blir tungt å blåsa ut innhaldet om ikkje.

Foto: Bringedalsbygda skule

Så bles du ut innhaldet i egget og vaskar egget forsiktig med vatn og såpe, så det ikkje luktar dårleg. 

Tørk egget forsiktig. 

Mål egget i dei fargane og mønstera du ynskjer. Resultatet blir best om du brukar akrylmåling.

Bruk eggekartongen eller eit eggeglas til å setja egget til tørk i.

Bruk nål og sytråd og fest ein tråd gjennom begge hola i egget. Finn ei fin grein eller noko anna å henga egga i.

Foto: Bringedalsbygda skule