PÅSKEPYNT: Lag ein dorullkylling

Elevane ved 7. trinn på Bringedalsbygda skule har laga fine tips til påskepynt du kan lage heime. Dei har tenkt at det skal vera mest mogleg gjenbruk og det meste er ingrediensar du har heime frå før. I dag får du vite korleis du kan lage deg ein kul dorullkylling!

Dette treng du: 

  • Fjør
  • Farga papir 
  • Måling 
  • Dorull
  • Lim
  • Saks
  • Ein blyant 

Slik gjer du:

  • Mål ein dorull i den fargen du ynskjer.
  • La han tørka.
  • Lim på fjør på sidene og på toppen av dorullen.
  • Klipp ut augo frå det farga papiret og lim dei på dorullen.
  • Bruk blyanten til å teikne svarte prikkar som pupillar på augo. Du kan også bruka plastikkauge om du har.
  • Klipp ein rombe. Brett romben på midten og lim den på dorullen slik at den ser ut som eit nebb.
  • Så klipper du ut ein hakelapp og limer den på.
Foto: Bringedalsbygda skule