– Eg kjem til å plukka søppel ofte 

Hald Noreg Reint og Miljøagentene inviterte alle nordmenn til den store vårryddedagen 13. mars. Miljøagent Thilda Onsager (10) inviterte med seg både familie og vener på ryddeaksjon.

Thilda bur i Stabekk i Bærum kommune, men sette i gang ryddeaksjon trass ein del snø. I oktober meldte ho seg inn i Miljøagentane etter å ha sett årets TV-aksjon som handla om plast i havet.

– Det gjekk bra! Vi rydda langs vegen, i skulegarden og rundt fotballbana. Vi fekk fylt to plastposar med søppel, fortel ho.

Vil rydda meir

Thilda rydda både laurdagen og sundagen. Den fyrste dagen gjekk ho med ei kusine, ein fetter og onkelen. Den andre dagen gjekk ho med to venninner.

– På laurdagen fann vi ein refeks som fetteren min tok med seg heim for å bruke. Vi fann også to munnbind. Vi fann også eit par trekk i plast som folk tek over skoa når dei går inn ein stad. Av plast fann vi mest godteripapir. Så fann vi ei brusflaske og ein redbull-boks, fortel ho.

Thilda har planar om å halde fram med å rydde i naturen så ofte ho kan.

– Eg kjem til å plukke søppel endå oftare når all snøen har smelta.