PÅSKEPYNT: Lag eit påskeegg i papp

Elevane ved 7. trinn på Bringedalsbygda skule har laga fine tips til påskepynt du kan lage heime. Dei har tenkt at det skal vera mest mogleg gjenbruk og det meste er ingrediensar du har heime frå før. I dag får du vite korleis du kan lage deg ei grein full av påskeegg i papp.

Du treng:  

  • Lim
  • Farga papir
  • Tråd 
  • Saks
  • Pinnar
  • Ein vase eller noko fint å ha det i

Slik gjer du:

Klipp ut fem eggeforma bitar i farga papir.   

Foto: Bringedalsbygda skule

Brett dei på midten, og lim side mot side.

Foto: Bringedalsbygda skule

Når du har limt halvparten av sirklane saman, finn du deg ein tråd og legg den i midten. 

Foto: Bringedalsbygda skule

Lim resten av sirklane på.  

Foto: Bringedalsbygda skule

Heng pynten på ein pinne eller ei grein. Ta gjerne litt mose eller stein oppi vasen. Du kan også pynta med fjør, perler eller andre ting du vil ha med.