Du treng:
- 2,5 dl natron
- 2,5 dl. maizena
- 2 dl. vatn
- Panne
- Bakepapir
- Akrylmåling
- Sytråd
Slik gjer du:
- Bland alle ingrediensane i ein kjele og kok opp.
- La det putra på svak varme til deigen får konsistens som laus potetmos. Rør heile tida.
- Tøm deigen over i ei skål.
- Dekk deigen til med eit vått kjøkenhandkle og la den avkjøla.
- Kjevle deigen ut til den er passe tynn.
- Form figurar i dei formene du ynskjer.
- Hugs å lage hol til tråden som dei skal hengjast opp med, før dei tørkar heilt.
- Legg figurane på eit steikebrett og la dei tørke til neste dag.
- Mål mønster på figurane og heng dei opp i ei fin grein eller i eit vindauga.