Vi har gått gjennom årets MGPjr-låtar: Det blir ein sterk finale

MGPjr skulle eigentleg ha finalen i mai, men den blei utsett til hausten. Vi har samla eit panel for å snakke om årets låtar. Vi tok med både barn og vaksne for å sjekke om låtane passar på kryss av generasjonar.

Ameli Olving Sælevik (12,5), mamma-Åse Olving Lund, hunden Lucy Olving Sælevik (3), Vilma Jørstad-Jensen (10), Tiril Jørstad-Jensen (7,5) og mamma-Ida Jørstad Rasmussen har lytta seg gjennom alle låtane. (Hunden Lucy lytta ikkje så veldig godt, men ho var iallfall med). 

Då gjengen samla seg etter å ha lytta og notert litt på kvar song, kom det mange gode ord om årets songar. For her var det rett og slett noko for alle. Alt frå grinesongar til party ala russelåt.

(Saka held fram nedanfor bileta).

MGPjr-PANELET: Sjølv om hunden Lucy fekk mykje merksemd gjorde panelet ein flott jobb. Frå venstre: Ameli (12,5) Vilma (10) Åse, Ida, hunden Lucy og Tiril (7,5).

Her er alle låtane vi har gått gjennom

Under kvar omtale finn du musikkvideoen.

Aisha – Press

– Denne låten har ein veldig god melodi, seier Vilma. – Den skiller seg veldig ut frå resten av melodiane i år. Det kjem kanskje av at ho rappar.

– Ho har ein veldig bra attitude, og låten handlar om eit viktig tema, seier Ameli. – Det er ikkje ein typisk danselåt.

– Dette er meir ein song ein liker å synge til, seier Vilma.

– Eg får gode vibbar av denne songen, seier Ameli.

Mamma-Ida og Mamma-Åse liker også denne songen.

– Eg blir glad av å høyre den, seier Ida. – Og teksten har eit viktig bodskap om å vere seg sjølv og ikkje minst stole på seg sjølv.

– Og eg diggar då ho syng: Helt chill! seier Åse.

Elena – Bedre enn deg

Dette er ein typisk kjærleikssong, seier Ida med ein gong. – Eg kjenner meg så igjen i denne teksten.

–Melodien er fin og teksta er djup og er noko ein kan kjenne seg veldig att i, seier Ameli.

– Ho har ei veldig fin songstemme, seier Vilma. – Det er ingen typisk dansesong.

– Songteksta er litt trist. Ho syng at det er mange som er betre for deg, men ingenting som er betre for meg. Kanskje ho ikkje kjenner seg bra nok? seier Åse.

– Det er ofte slik ein tenkjer. At ingenting er gale med den du er forelska i. Ein blir litt blind. Det er det ho syng om, seier Ameli.

Emu & Abu – Glemt

– Dette kan bli en stor hit, trur eg, seier Ameli. – Den er veldig fengande.

– Ja, songen set seg lett på hjernen. Det kjem nok av at det er ein del rim i setningane, seier Vilma.

– Ja, det er lett å lære teksta på denne songen, seier Ameli. 

– Ja, songen har bra tekst, seier Åse

– Det som er bra med denne er at den er fin å danse til, seier Vilma.

– Ja, at ein song er fin å danse til kan ofte vere eit godt teikn på at det er ein bra låt, seier Ida.

– Og så er det fint at dei har to kule stemmer, og en fin groove, seier Ameli.

Hennika – kan ikke la deg gå

Straks refrenget blir spelt blir det allsong rundt bordet. 

– Denne songen fortel ei fin historie som også er litt trist, seier Vilma.

– Eit kult grep i songen er at ein ikkje får eit svar på korleis historia endar, seier Ida.

– Dette er ein typisk vinnarsong, som er veldig fengande, seier Ameli. 

Vilma er heilt einig. – Ein lærer seg songen veldig fort, og eg får lyst til å synge den, seier ho.

– Eg får skikkeleg godkjensle av denne songen. Hadde denne blitt spelt på radio hadde eg skrudd opp og sunge med, seier Ida.

– Melodien verkar kjent. Kanskje det er eit godt teikn på at det er ein god låt, seier Åse.

Ingeborg – Her og nå

– Dette er ein superfin song fordi melodien er så fengande, seier Vilma.

– Eg kjenner meg så igjen i det ho syng, seier Ameli. 

– Ja,  det er eit viktig tema, seier Ida. – Kanskje etter ein har opplevd triste ting i livet forstår ein kor viktig det er å leve her og no?

– Dette er ein song det er lett å synge til, og eg får også lyst til å danse. Så det er bra, seier Vilma.

– Denne kunne eg sunge høgt til i bilen, seier mamma-Ida. 

– Refrenget er veldig, veldig bra, seier mamma-Åse.

Det blei allsong rundt bordet her også. Til og med hunden Lucy kvikna til av synginga. Faktisk så mykje at Tiril måtte ta seg ein gåtur med henne.

Mina – Hun vet de heter

– Ho har ei nydeleg stemmer som er behageleg å høyre på, seier Vilma.

Mamma-Ida skyter inn. – Det verkar som ho har god songteknikk, med mykje fin klang i stemma. På dei høge tonane er det veldig fint å høyre på.

– Dette er også ein song ein får lett på hjernen, seier Ameli.

– Dette er ikkje ein popsong, men ein behageleg song, seier Vilma.

Mamma-Åse er også einig. – Dette er ein song som kunne fått meg til å gråte faktisk, seier ho.

– Ja, teksten har eit viktig bodskap. Det er trist at dei gamle vennene som ho har kjent så lenge blir framande for henne, seier Ameli.

– Ja, den handler rett og slett om å bli oversett, seier Ida.

– Den har en heilt nydeleg melodi, seier Åse.

– Kanskje dette er ein litt meir vaksnare song? spør Vilma undrande.

Blix Music feat Maiken – Reis deg opp

– Dette kunne vore ein russelåt, seier Vilma med ein gong. – Eg får lyst til å hoppe opp og danse. 

Mamma-Åse reiser seg og hopper. – Det er første gong det er EDM i MGPjr, seier ho og pumpar armane i lufta.

– Den er lett å synge med på, seier Ameli.

– Den er faktisk ganske fin denne her, seier Ida.

Alle rundt bordet er einig i at stemma til Maiken er veldig, veldig bra.

Sunniva – Tipp topp

– Denne låten er veldig TikTok-venleg, seier Vilma.

– Starten på låten er veldig fin, seier Ameli.

– Ja, dette er ein gladsong som har eit fengande refreng, seier Vilma. – Ein lærer seg songen veldig fort.

– Ja, den setter seg fort på hjernen. Ho har fin songstemme, seier Ameli.

– Ja, ein får lyst til å synge med, seier Åse.