Påsken – dag for dag

Påsken er den viktigaste høgtida i kristendommen. Her er dei viktigaste dagane i den kristne påskeforteljinga.

Palmesøndag

Jesus reid inn i Jerusalem på eit esel, og blei hylla som ein konge med palmegreiner.

Skjærtorsdag

Jesus og læresveinane delte det siste måltidet, nattverden, og Jesus vaska føtene til læresveinane. «Skjær» betyr rein, og i mellomalderen var det skikk for å bada på skjærtorsdag for at både kropp og sjel skulle reinsast.

Colourbox

Langfredag

Jesus blir dømd til døden, må bera krossen sin til Golgata der han blei krossfesta, pint og gravlagt.

1. Påskedag

Nokre kvinner kjem til grava for å stella den døde kroppen til Jesus, men dei finn grava tom og ein engel fortel dei at Jesus har stått opp frå dei døde. Kristne over heile verda feirar no at Jesus stod opp frå dei døde.

Visste du at?

Jødane feirar pesach slik Jesus og disiplane gjorde: Til minne om at Moses førte Israelsfolket frå slaveriet i Egypt for meir enn 3.000 år sidan.