Lag verdas beste vaflar på vaffeldagen

25, mars er det den store vaffeldagen. Her får du ei supergod oppskrift du kan lage til familien. Kanskje ei fin oppgåve i mat og helse-faget på heimeskulen?

Du treng (til cirka 12 vaflar):

  • 100 g smør
  • 5 egg
  • 5 dl kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 2 dl sukker
  • 1 beger lettrømme
  • 1 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • ½ ts malt kardemomme

Slik gjer du:

  1. Mål opp smør. Set ein liten kjele på plata og skru på full varme. Ha i smør og la det smelte. Hugs å slå av plata!
  2. Knekk eitt og eitt egg i ein kopp og ha det i røra.
  3. Mål opp mjøl, mjølk, sukker og ha det i bollen. Ha lettrømme i bollen. Mål opp bakepulver, salt og kardemomme og ha det i bollen.
  4. Set stikkkontakten til handmiksaren i støpselet. Bruk handmiksaren og køyr til det vert ei glatt og fin røre.
  5. Ha i smelta smør og rør med handmiksaren til alt er godt blanda.
  6. Set stikkontakten til vaffeljernet i støpselet.
  7. Smelt 2 ss smør i den vesle kjelen og set den på eit gryteunderlag. Bruk ein pensel og pensle litt smelta smør i det varme vaffeljernet.
  8. Bruk ei ause og tøm litt av røra i jernet. Legg lokket forsiktig ned. La vafla steike til den har ein gyllen farge og ikkje sit fast i vaffeljernet. Bruk ein gaffel og ta vafla ut av jernet, når den er ferdig steikt. Legg den på ei rist, og steik resten av vaflane på same vis. Legg gjerne eit kjøkenhandkle over for å halde dei litt varme.
  9. Ta ut stikkontakten til vaffeljernet når du er ferdig.

Hugs å vaske opp og rydde etter deg når du er ferdig!

(Kjelde: Matstart.no)