OPPSKRIFT: Lag “julete” burgerar!

Desse burgerane smakar jul!

Du treng:

  • 3 blad hovudkål
  • 1 raudt eple
  • 2 matskeier crème fraîche orginal, 35 %
  • ½ teskei salt
  • ¼ teskei pepper
  • 4 fine rundstykker
  • 400 gram medisterdeig
  • litt kverna salt og pepar
  • 1 matskei margarin

Slik gjer du:

  1. Ta ut alle steikebrett frå omnen. Set den på 190 °C. Bruk over- og undervarme.
  2. Riv blad av kålen. Skyll under kaldt vatn.
  3. Legg kålblada oppå kvarandre og rull saman til ei lefse.
  4. Skjær kålblada i tynne strimler på tvers. Skjær strimlene i mindre bitar. Ha kålen i ein bolle.
  5. Skyll eple i kaldt vatn.
  6. Del eplet i båtar, og kast kjernehuset.
  7. Del eplebåtane i små bitar.
  8. Ha eplebitane i bollen med kål.
  9. Ha crème fraîche i bollen med eple og kål.
  10. Krydre med salt og pepar.
  11. Rør alt godt saman med ei skei og set bollen i kjøleskapet.
  12. Les på pakken kor lenge rundstykkene skal steike.
  13. Legg dei på ei rist og sett dei i omnen.
  14. Medan rundstykkene steiker kan du lage hamburgarar. Del medisterdeigen i 4 delar. Rull kvar porsjon til ein ball og press kvar ball litt flat, slik at det liknar ein hamburgar.
  15. Krydre med salt og pepper. No er dei klare for steiking.
  16. Bruk gryteklutar og ta rista med rundstykker ut av omnen, når dei er ferdige. Sett rista på ein stad som tåler varme til avkjøling. Hugs å skru av omnen!
  17. Set ei steikepanne på plata og skru på medels varme. Ha i margarin eller smør.
  18. Når margarinen har slutta å bruse, legg burgarane i steikepanna og steik i 3 minutt på den eine sida.
  19. Snu hamburgarane og steik i 3 minutt på den andre sida. Skru av varmen når du er ferdig og trekk steikepanna vekk frå den varme plata. Hugs å skru av kokeplata!
  20. Snu fjøla slik at den reine sida kjem opp. Du kan også ta ei ny fjøl, viss du har. Del rundstykkene i to.
  21. Legg dei på ein tallerk og ha eple- og kålsalat på botnen.
  22. Legg ein hamburgar oppå kålsalaten. Legg brødet på toppen. Gjer det same med resten av burgarane.

Hugs å vaske opp og rydde etter deg når du er ferdig!