Kvifor har vi fri 1. mai?

1. mai er ein fridag. Det er arbeidarane sin internasjonale kampdag.

Ein må heilt tilbake til 1890, då arbeidarrørsla i USA markerte 1. mai som ein demonstrasjonsdag.

Bakgrunnen var ein streik i Chicago i 1886. Dei streikande krevde å få innført ein åtte timars arbeidsdag. Politiet skaut og drap fire av demonstrantane.

I Noreg er det ulike måtar å markere denne dagen. Nokre organisasjonar har talar (appell). Nokre går i tog med plakatar om saker som engasjerer arbeidarane.

Arbeidarpartiet sitt slagord i år er: Sterkare fellesskap.