Laurdag 23. juni er det sankthans eller jonsok

Midtsommar, sankthans, jonsok eller johannesvake. Det er mange namn på denne dagen.

Rundt omkring i landet vert denne kvelden markert med bålbrenning, god mat og sommarlege leikar. Fleire plassar i landet er det også vanleg med fantetog, der barna (og vaksne) kler seg ut og går i tog mot den store båltenninga.

Denne dagen er frå gamalt av ein minnedag for døyparen Johannes. Han som døypte Jesus. Men det er det veldig få som veit. St. Hans kjem av Sankt Johannes, og Jonsok kjem frå  norrønt “jonsvaka” som betyr våkenatt for Jon.

Dei fleste markerar denne dagen fordi vi har hatt sommarsolsnu, som skjedde allereie 21. juni. Då sola er på sitt høgste, og snur og gir oss kortare, og kortare dagar.

Sankthansfeiring i Austevoll Foto: Åsmund Heimark, Wikipedia, CC BY 2.0)