Lihkku beivviin! Samefolkets dag – 6. februar

Lihkku beivviin betyr Gratulerer med dagen, på samisk. Og i dag kan ein seie det med god grunn. Det er nemleg samefolket sin nasjonaldag.

Fakta om samefolkets dag
  • 6. februar er samefolkets dag.
  • Nasjonaldagen blei vedtatt av samekonferansen i 1992
  • Ein felles dag for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
  • Feira fyrste gong i 1993.
  • Datoen kjem frå det fyrste samiske landstinget som blei holdt 6. februar i 1917.
  • Grunnlova frå 1814 ekskluderte samar frå politisk deltaking.
  • I 1821 blei Grunnlova endra, og samar i Finnmark fekk stemmerett ved stortingsval.

I Noreg er det tre variantar av det samiske språket.

  • Nordsamisk
  • Lulesamisk
  • Sørsamisk
LES FAKTALUKK FAKTA

Dagen blir markert av mange. Både samar og ikkje-samar. Dei som er så heldig å vere same, og som eig si eiga kofte, tek ho gjerne på seg denne dagen. For i dag er det fest!

Ein viktig dag

Nasjonaldagen er viktig for samefolket, på same måte som at 17. mai er viktig for resten av Noreg. Samefolket feirar dagen for dei samiske rettane dei har kjempa fram gjennom historien.

Denne dagen viser samane stolt fram kulturen gjennom kleda, musikken, maten og kunsten – og ikkje minst rettane sine!

6. februar er ein viktig dag fordi i 1917 blei det fyrste samiske landsmøtet heldt i Trondheim på denne dagen. Det var fyrste gongen samanane var samla for å arbeide for felles samiske saker over nasjonalstatsgrensene, mellom Noreg, Sverige, Finnland og Russland.

Det samiske flagget

Flagget har primærfargane raudt, blått, og gult. I tillegg til grønt. Sirkelen i flagget er i fargane blått og raudt. Det blå representerer månen, og det raude representerer sola. Det gule og grøne skal forestilla naturen og dyra i samisk kultur.

Kofta er fargerik i fargane som ein også ser på sameflagget. Desse er forskjellige får plass til plass. Akkurat som den typiske bunaden. Sølja i halsen, som kan minne om ei bunadsølje, blir større etterkvart som ein blir eldre.