Bli med på å kåra dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene!

Kva bok på nynorsk berre elskar du? Kva var mest spennande og kva bok fekk deg til å le mest? Eller kanskje var boka god på ein heilt annan måte?

Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no skal kåra ut dei beste nynorske bøkene. Då treng me di hjelp!

Send inn favorittane dine her: nynorskbok@gmail.com eller legg det inn under.

Skriv: Namn på bok og forfattar, og ta med namnet ditt og alderen din – og skriv gjerne ei grunngjeving!

Alle som kjem med forslag, er med i trekkinga av tre fine bokpakkar.

Frist: 3. april